I butikken vår finn du håndstrikk, trevarer, keramikk, quilting, toving, glaskunst og smykker. Vi tilbyr bakverk som sunnfjordslefser, natronkaker, kransekaker med meir. Kom innom for ein kopp kaffi og ein hyggjeleg handel!_____________________________________________________________________
Hausten er her....Hausten er her og kvardagen med den. Husflidsbua har hatt ein flott sommarsesong med mykje besøk både frå tilreisande og fastbuande. På Skjærgårdstreffet hadde vi sal av eksotisk mat i hagen vår og eit flott kakebord ved sida av. Det var eit ausande regnvær, men folk sat godt og tørt i teltet vårt. Dessutan var det ein heil del som var og handla lestar til støvlane dei hadde vore nøydd å investere i på grunn av det voldsomme regnet…. Sommaropning på HusflidsbuaVi markerar starten på sommarsesongen og inviterer kundane våre på kakebord og kaffi. I sommar vil butikken vår vere open mandag – fred:10.00 – 16.30, torsdag 10.00 – 1800, laurdag 10.00 – 15.00. Velkommen innom! Medlemsmøte på Husflidsbua 07.06.10Det vert medlemsmøte i Husflidslaget måndag 07. juni kl 19.30. Her vil vi blant anna diskutere opplegg for Skjærgårdstreffet og for hausten som kjem. StrikkekafèDet vert strikkekafè på Husflidsbua onsdag 5.mai kl 19.00 – 22.00. Ta med godt humør og handarbeid av ymse slag. Vi serverar kaffi og litt å bite i. NB: siste strikkekafè før sommaren. StrikkekafèVelkommen til strikkekafè på Husflidsbua onsdg 14.april kl. 19.00. StrikkekafèOnsdag 24. mars lagar vi igjen til strikkekafè på Husflidsbua. Vi startar som vanleg opp kl 19.00. Ta med handarbeid og godt humør. Velkommen skal du vere! StrikkekafèOnsdag 03.03 møtes vi igjen til strikkekafè på Husflidsbua kl. 19.00 – 22.00. Ta med pinnar og godt humør, kaffi vert å få. Årets første strikkekafè!Onsdag 3.februar inviterar vi på nytt til strikkekafè på Husflidsbua. Ta med pinnar og garn av ymse slag og møt opp kl 19.00. Dei som berre ynskjer å ta ein kopp kaffi og slå av ein prat er også hjertelig velkommen! Kom i julestemning på Husflidsbua!Fredag 4. og laurdag 5. desember spanderer vi gløgg og julekaker på alle som kjem innom bua vår. Kanskje finn du akkurat den unike julegåva du er på jakt etter, eller kanskje vil du supplere julebaksten din med herlege munnfullar frå vårt varierte utvalg av julekaker og anna bakst. Minner om at Husflidsbua er open kvar dag i heile desember: JulemarknadAskvoll Husflids- og Handverkslag ynskjer velkommen til Julemarknad i Askvoll Samfunnshus laurdag 28.november. Marknaden opnar kl 10.00 og held fram til kl 16.00. Vi har i år, som tidlegare år, mange utstillarar frå både fjern og nær. Her kan du få kjøpe julebakst og julegodteri, varme strikkaplagg, bøker, smykker og mykje anna. Samfunnshuset står for kafedrifta og kan by på rømmegraut og spekemat, vaflar og kaffi. Velkommen innom! StrikkekafèKvifor sitte i kvar si stove med strikketøyet, når ein kan møte trivelege folk og slå av ein prat på Husflidsbua? Vi skipar til strikkekafè mandag 9.november kl 19.00 – 22.00. JULEMARKNAD 28. NOVEMBER!Tradisjonen tru skipar Askvoll Husflids- og Handverkslag til julemarknad i Askvoll Samfunnshus den siste helga i november, altså den 28.11. Mange utstillarar pleier å ta turen til Askvoll denne laurdagen, og vi har hatt gleda av å vise fram mykje flott handverk. Vi vonar du vil setje av denne laurdagen til eit besøk på marknaden vår, anten for å handle unike julegåver, eller rett og slett for å ta ein pust i bakken og ein kaffitår i kafeen vår. Marknaden er open mellom 10.00 og 16.00. Velkommen! StrikkekafèHaustmørket har senka seg og regnværet vil ingen ende ta….. Med andre ord: Høgsesong for strikking og anna handarbeid! Siste veke med sommaropning!Vi går inn i den siste veka med sommaropning på Husflidsbua. Frå og med måndag 17. august er vi tilbake i gammalt gjenge igjen med opningstider tysdag, torsdag og laurdag. Vi takkar for ein flott sommar, med mange besøkjande frå både fjern og nær. Ta ein tur innom Husflidsbua!Neste helg – 17. – 18.juli – går det årlege Skjærgårdstreffet av stabelen i Askvoll. Vi ventar mykje liv og røre og mange menneske i Askvoll sentrum. Husflidsbua har som vanleg ope fredag og laurdag, og dersom du ikkje har vore innom oss før, kan dette vere eit gyllent høve til å stikke innom. På bua vår finn du unike og handlaga ting for ein kvar smak. Vi har handstrikka plagg, hekladukar og hardangersaum, vevde løparar, dreia treskåler, smykker, glaskunst og bilder med vakre motiv – berre for å nemne noko. Og skulle du vere kaffitørst, er det mogeleg å få seg ein kopp og noko å bite i attåt i kafeen vår. Kan hende vankar det eit og anna Skjærgårds-tilbod også? SommarstrikkekafèSommaren er kommen for fullt, men eit handarbeid er kjekt å ta til likevel. Difor inviterer vi alle handarbeidsglade til sommarstrikkekafè på Kleppenes Bruk i Holmedal måndag 22.juni. Vi startar opp kl.19.00 og held på til 22.00. Dette blir eit kafètreff med mykje frisk luft, så vi oppmodar alle om å kle seg etter veret. Ta med deg pinnar og tråd av ymse slag, eller kom som du er. Sommaropning på Husflidsbua.Laurdag 20.juni startar sommarsesongen på Husflidsbua i Askvoll, samtidig feirar vi at Husflidsbua har vore i drift i to år. Vi vil markere dette med gratis kaffi og “sjampanje” til alle som stikk innom oss denne dagen. Vi kan love at det vert ekstra gode kaker å få kjøpt attåt. Koseleg kveld hjå HennyOnsdag 13.mai hadde vi medlemsmøte heime i “fjøsen” hjå Henny. Der var det dekka til koseleg langbord med levande lys og dekorasjonar i friske fargar. Hovudsaka på møtet var å få satt opp vaktlista for sommaren, og det ser ut til at vi skal klare å ha ope kvar dag i år og. Elles var det litt orientering om den nye båtruta på Dalsfjorden og ein del andre saker. Etterpå vart vi servert deilig fiskesuppe, med Tropisk Aroma, som Inger hadde baka, til dessert. Ein veldig hyggjeleg kveld som vi vel kan kalle ein tradisjon no etter to år? ;-) Den 20. juni startar vi med sommaropning og då har Husflidsbua to-årsjubileum! Medlemsmøte 13.mai kl 20.00Vi kallar med dette inn til sommar-medlemsmøte i Askvoll Husflids- og Handverkslag onsdag 13. mai kl.20.00. Møtet vert halde i hjå Henny. Her vil vi ta opp aktuelle saker og få servert litt å bite i. Husflidsbua
Følgt av 36 medlemmar.
Husflidsbua vart starta av Askvoll Husflids- og Handverkslag sommaren 2007. Bua vert driven på dugnad og har som mål å formidle lokalt handverk av god kvalitet. Våre leverandørar kjem i hovudsak frå Askvoll kommune, samt kommunane rundt. OPNINGSTIDER: Tlf: 41461623
BLI MEDLEM!Askvoll Husflid- og Handverkslag vart stifta i 1993. Vi har medlemmer frå heile kommunen. Kvar haust skipar vi til julemarknad i Samfunnshuset i Askvoll. Hit kjem det utstillarar frå lokalmiljøet og andre delar av fylket. Julemarknaden er eit godt høve til å møte andre med interesse for husflid og handverk, kjøpe julegåver eller berre hygge seg med ein kopp kaffi med noko attåt. Siste nytt er at vi har starta strikkekafè. Vi møtes på Husflidsbua omlag kvar tredje veke. Her kan ein ta med ulike typar handarbeid, eller berre stikke innom for ein prat. Det vert servert kaffi og litt å bite i.Kafeen er open for alle interesserte. Ynskjer du meir informasjon eller ynskjer å melde deg inn ta kontakt med: VELKOMMEN SOM MEDLEM! Meir om sona Husflidsbua er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||